tirsdag 8. august 2017

Nettbutikk

Nettbutikken er redesigna og ny på alle måtar. Nå er det lysbrytar-design som gjeld. Eg har pønska på dette bryter-konseptet ei stund. Bakgrunnen for produkta - som strengt tatt ikkje er ting ein absolutt ha for å leve eit fullverdig liv - er at eg dreiv butikk på Bryggen i Bergen ein periode ... som den observante lesaren har fått med seg. I butikken solgte eg alle mulige eigenproduserte saker. Noko som blei veldig populært var altså desse bryter-designa. Eg har nå tatt opp igjen produksjonen av desse, og i tillegg lagt dei ut på nettet. Butikken finn du her: http://auestad.bigcartel.com

For å markere nyåpningen så gir eg vekk tre stk design. For å delta går du inn i butikken http://auestad.bigcartel.com. Send melding frå kontaktskjemaet på sida og skriv kva for ein du ønsker deg. Hipp-hurra, for ein dag!

For ordens skyld - butikken er på bokmål. Litt kommers må ein tillate seg å vere av og til. :)

God tirsdag!

Han her er å finne i butikken





onsdag 19. juli 2017

Godtfolk!

Nå er det skikkeleg lenge sidan det siste innlegget her på teiknebloggen. Mykje vatn er rent i havet - som dei seier - sidan torsdag 7. januar 2016. Eg bur ikkje lengre i Bergen, butikken er nedlagt og den sivile statusen min er også endra. Ikkje for å bli altfor privat, men denne bloggen skal tross alt handle om "teikning og sånt".
Så. Eg blei altså - som halvparten av nasjonen - skilt. Det er ikkje særleg originalt å skille seg i våre dagar. Til og med dei kongelege driv med den slags. Det er ikkje uvanleg, trur eg, at om ein går gjennom dramatiske endringar i livet så pregar det tilværet på alle frontar. Både som menneske men også kan det påvirke det ein driv med her i livet. Ei skilsmisse kan vere rystande i all si gru. Det veit alle som har prøvd. For min del førte den smertefulle prosessen til at eg slutta med alt som heitte teikning for lang tid. Men ei skilsmisse kan også føre til noko nytt. Når ein berre får gitt det tid. Når ein kjem seg gjennom sorga, smerten og saknet - då kan ein oppleve vekst og utvikling. Og gå vidare. For meg har dette vore ein fase som også har gitt nye perspektiver og nye horisontar. Og som eg nå ikkje ville vore foruten.
Om eg skal driste meg til ein oppmuntrande appell til alle de som opplever liknande ting: stå på - det er ikkje dødeleg - det kan vere tvert imot: livgivande og blomstrande!

Så ja, eg krysse fingrane for livet vidare. Og - sjølvsagt - eg har starta opp igjen med teikninga. :)
Teiknebloggen har forresten fått nytt navn - prestahuset.blogspot.no er bytta ut med annlaug.blogspot.no. Hurra!

Eg legg ved ei lita øving til innlegget - inspirert av diktet "Jeg spurte engang en sebra" som Shel Silverstein har skrive. Svaret til sebraen er ganske godt.

Jeg spurte engang en sebra:
Er du svart med hvite striper
eller hvit med svarte striper?
Og sebraen så på meg og sa:
Er du sterk med svake sider
eller svak med sterke sider?
Er du god med onde påfunn
eller ond med gode påfunn?
Er du glad med triste dager
eller trist med glade dager?
Er du flink med dumme innfall
eller dum med flinke innfall?
Og slik fortsatte og fortsatte
og fortsatte den,
og aldri, aldri, aldri,
spør jeg en sebra om striper igjen.

torsdag 7. januar 2016

Nettbutikk

Ein god ting kan ikkje seiast for ofte har eg høyrt. Derfor legg eg inn ei lenkje til den fine nettbutikken auestad.bigcartel.com

Ta ein titt!



torsdag 2. juli 2015

Annlaugs Kulturfabrikk på bryggen i Bergen

Me skriv 2. juli og eg er i gang med eit ganske bra prosjekt på Bryggen i Bergen, nemlig "Annlaugs Kulturfabrikk". Her skal det foregå litt av kvart: kontor/gallerbutikk/litteraturformidling for barn. Les gjerne meir om prosjektet her: http://annlaugauestad.no/kunstbutikken/ . Butikken er åpen man - fre mellom kl 11 - 17 og lør 11 - 16. Velkommen innom!



onsdag 8. april 2015

Kunstbutikk på Bryggen i Bergen

Dette er kjempe-kjekt! Eg har fått leige eit lite lokale i 2. etasje på den fantastisk koselege Bryggen i Bergen. Her driv eg for tida og innreder ein liten butikk. Det er berre å stikke innom - planen er å halde åpent skikkeleg ofte! Instagramkontoen @auest_gallery er dedikert til prosjektet, så følg - følg! :)

Instagram: @auest_gallery





onsdag 18. februar 2015

Radio-innslag

Det blir mykje ku-snakk nå om dagen, men så er det viktig å snakke om kyr. Vil eg sei. Her er ei lenkje til NRK-Rogaland. Eg var der i går. Sjølvsagt for å snakke om Kuvenninnene.
Og hugs å stem: helerogalandleser.no

I studio - NRK ettermiddagsnytt (lokalen)

torsdag 12. februar 2015

Litt meir Kuvenninne-stoff!

Boka Kuvenninnene er også laga som ein billedbok-animasjon - den er å finne på Youtube.
Illustrasjon/billedredigering: Annlaug Auestad
Musikk: Trym Bjønnes
Produsent: Ine Marit Bertelsen/Dks Rogaland

mandag 2. februar 2015

Kuvenninnene nominert til "Hele Rogaland leser"

Noko til stas! Boka "Kuvenninnene" er ei av fem nominerte til "Hele Rogaland leser". Det er eg skikkeleg glad og stolt over, ja for det er ikkje feil å spre det glade ku-budskapet, eller buskapen* (for den saks skyld) ut over land og folk! Dersom du er einig - då er det berre ein ting å gjere - nemleg stem i med eit skikkeleg raut HER! :-) Avstemminga varer frå 2. februar og fem veker framover.

* Buskap, en gårds besetning av husdyr; brukes oftest om storfe og småfe, men kan også benyttes om andre husdyr (Store Norske leksikon).


onsdag 6. august 2014

Teikning i kulturskulen

Skuleåret 2013/14 hadde eg gleden av å vere lærar i Kulturskulen i Strand i Rogaland. Kulturløftet ordna det slik at Kulturskulen kunne puttast inn i sfo som eit gratis tilbud til borna på småskuletrinnet. Rektignok varte dette kun eit år før ny-regjeringa fann ut at dette var eit dårleg prosjekt og fjerna heile ordninga. Uansett så fekk eg vere med desse fine ungane gjennom året. Her er eit lite knippe av arbeidene. Du kan sjå meir på Instagramkontoen @tegnekurs.

Me teikna eiga heimbygd


Vakker Mona Lisa - teikning

Me teikna også på nettbrett

Kjempefin opp-ned-teikning av Donald Duck
 

torsdag 20. mars 2014

Fyrfargar i februar

Fyrfarge-prosjektet som eg jobba med for ganske nøyaktig eit år sidan er nå å finne i nettbutikk på Norsk sans. Seks bilder er på plass. Her er den fine butikken → norsksans.no/annlaugauestad.
Har du spørsmål om bilda - send meg gjerne ein epost: auestad(krøllalfa)annlaug.no. Ein kan også sjå fleire av bilda "live" på Black & White i Stavanger.
Sjå dei vakre skyene og fargane!
Sjå dei vakre skyene og fargane!

fredag 7. februar 2014

Fredag igjen!

Jepp - fredag igjen - og i dag, 7. februar er det ein illustrasjon eg laga til BT og spalta "Oss i mellom" som visast.
Saka var om kor lett det er å dele ting på nett.

God fredag!



fredag 31. januar 2014

God fredag!



På januars aller siste dag er det eit stykke papirklipp, eit 3-dimensjonalt arbeid med ekte skygge som gjeld: "Men, en dag skjedde det noe skikkelig dumt"
Bildet har eit snev av mystikk og mysterium - og truleg veit karane på busstoppet eit og anna ..

God fredag!

Sjølvsagt er bildet er å finne i kunstbutikken!

tirsdag 28. januar 2014

Ommøblering!

HAKK MED NEBBET!

Alle som har hatt sitt eige rom veit kor fint det er å ommøblere. Gjerne ganske enkelt. Kanskje ein snur på senga, set den under vindauget - eller skrivepulten inn til veggen - borte der ved døra - eller ...

Nå har også La Stå! kost seg med ommøbleringens herlege avkobling! Ta ein titt - det er blitt ganske fint, ikkje sant?

lørdag 25. januar 2014

Snurr film!


BarneTv: Putte i blåbærskogen from Annlaug Auestad on Vimeo.

Animasjonen er eit lite eksperiment; ca 17 scanna teikningar som eg har gjort små variasjonar av i Photoshop. Tv´en er frå 50-talet. Bilde og lyd er sett saman i IMovie. Ole Jørgen Auestad Moen var ca to år då Bestemor, Torhild Moen trykte på "rec" + "play" på kassettspelaren. Han greide å gjengi nesten heile "Putte i båbærskogen". Små strofer frå "Fola blakken" - også av Ole Jørgen - er med som eit bakgrunnsteppe.